Fasade Norøst

Vinje

Ein eldre ven av oss, arkitekten Frode Sandvik, kom innom for å sjå på huset då han var i Vinje nyleg. Han er sjølv oppvaksen på grannegarden, Vinje prestegard. Me veit at både han og bror hans, Gunnar Sandvik som også er arkitekt, har klåre og til dels strenge oppfatningar av kva dei likar og mislikar av arkitektur, så me var spente på vurderingane hans. Den spontane reaksjonen var svært positiv, og i går fekk me eit brev (handskrive, på eit kort med ein reproduksjon av måleriet «Helg» av Nicolai Astrup), der han utdjupar inntrykket sitt.)

Eg var spent og nyfiken på førehand, men samstundes nokså trygg, med medvitne byggherrar og deira val av arkitekt. Og kårstoga var ei stor glede å sjå! Der låg ho, skore stilt inn i den brattlendte bakken, med ei fri og klår form som spela fritt mot andre hus i grendi med deira ulike former, storleikar, materialar og fargar.

Og så forholdet til landskapet! Både ute og innanfrå femner stoga det mektige landskapet med sin høge himmel, Veggsfjells skarpe kam, Ormeggine lenger burte og Vinjevatn som blenkjer der nede. Og så lia tekt inn med dagsljoset bakanfrå.

Planløysinga og materialbruken inne var ei spanande ramme om dei som bur der. Den ljose, ferske bordkledningi på garasjeveggen roar seg nok etter kvart med å taka sol, vind og væte til hjelp nokre år. Og med ombruken av gamle materialar i svali og gesimsen er ein alt eit godt stykke på veg.

Endå ein gong: kårstoga var ei stor oppleving og ei glede å sjå.»

400 year old logs have been reused and assembled to create a svalgang, a traditional cold (sval) passage (gang) found in norwegian vernacular architecture, facing the lake.

Related projects

1 Crop
Twins House
DSC5644s
Polite House
Farm House exterior 5
Farm House